Denne oppgåva har eg brukt på 10 trinn ved skulen eg jobbar på, Ringstabekk skole. Her jobbar me periodevis ca 6 veker med eit trinn. (Elevane får fire undervisningstimar pr veke, delt på to økter.) Me jobbar mykje tverrfagleg, denne oppgåva var i samarbeid med norsk- nynorsk. Alt skriftleg arbeid skulle foregå på nynorsk og arbeidsprosessen skulle dokumenterast i ein blogg på nynorsk med foto.

Då me jobba med hovudområdet Arkitektur hadde me ei foto oppgåve me jobba med i to veker av perioden. Me reiste til Oslo på byvndring, både med guide, lærarstyrt vandring til operaen og "fri"vandring etterpå. Før byvndringa hadde me ei økt på skulen om komposisjon og viste diverse inspirasjonsbilete av arkitetkurfoto. Etter byvnadringa skulle elevane som heimelekse velga ut dei 10 beste bileta sine og ta disse med til neste time. I samarbeid med lærar fann me dei beste bileta og bearbeida dei i behandlingsprogram. Me brukte litt av første økt til å gjennomgå programmet me brukte. Det beste biletet vart printa ut på A4 ark og ramma inn. Tilslutt hadde me hadde ei høgtidleg utstilling av alle fotografia der me inviterte både foreldre og rektor.

Dette var ei oppgåve elevane meistra godt, den korte tidsramma gjorde at det vart intenst, men med godt fokus på oppgåva. Dersom eg skal arbeida med ei lignande oppgåve seinare, kan den utvidast med til dømes tre foto- som fortel ein histore. Dette passar også godt i samarbeid med andre fag norsk/ engelsk/ samfunnsfag osv.. Dette kan også vera ei gruppeoppgåve.

Oppgåveteksen:

Ringstabekk skole 2010/11
Fag: Kunst og håndverk og norsk.
Klasse 10A og 10B




Arkitektur fotografi

Individuell oppgåve

Under byvandringa i Oslo, skal me fokusera på bygningeksteriør og det å komponera eigne bilete. Du må ta med eige fotoapparat. Me skal sjå nærare på komposisjonsprinsipp og bruka nokon av disse i eigne bilete. Me skal bearbeida og beskjæra bileta i behandlingsprogram. Til slutt skal eit bilete ferdiggjerast og innleverast på papir. Dette skal vurderast i førehald til visuellt uttrykk, både komposisjon og av enkel behandling av bilete.
Innlevering: 1 bilete
Logg med forklaring av behandlingsprosessen av bilete på nynorsk
Innleveringsfrist: torsdag 9. sept. 2010

Kompetansemål:
Visuell kommunikasjon
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • bruke ulike funksjoner i bildebehandlingsprogram
Kunst
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne klasse
  • samtale om opplevelse av hvordan kunstnere til forskjellige tider og i ulike kulturer har uttrykt seg gjennom foto, film og video, og bruke dette som utgangspunkt for eget arbeid
Arkitektur
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
· samtale om arkitekttegninger og digitale presentasjoner av byggeprosjekter, vurdere tilpasning til omgivelsene og skissere ulike løsninger
  • forklare hvordan klima, kultur og samfunnsforhold påvirker bygningers konstruksjon, valg av materialer, form, uttrykk og symbolfunksjon



Vurdering
Kjenneteikn
høg (6 – 5)
middels (4 – 3)
lav (2 – 1)
Bruk av enkle biletebehandlingsfunksjonar:
- kontrast (farge/svart kvit)
- skarpheit
- beskjæring
- val av filformat



Komposisjon
- balanse
- visuell spaning
- kontrastar